PDA

Se full versjon : Kemppi migsveis



radovan
07-03-2015, 23:32
Har for tida lagt ut nokre trådar på andre nettforum vedrørande migsveis. Må prøve her og. ;-)

Opprinneleg lurte eg på Telwin, som eg kan kjøpe på mitt lokale FK. Det er jo kjekt å handle der om ein må reklamere eller noko.

Frå fleire har eg fått høyre at eg bør kjøpe Kemppi. Det er dyre, men veldig gode apparat. Eg tenkte eg skulle legge litt i dette, så om alt anna stemmer kan det sikkert ha noko for seg. Dessutan treng eg eit apparat som både er bærbart og kraftig, og sidan eg ikkje er spesielt flink er det bra om apparatet er enkelt å bruke.

Så derfor lurte eg på kva de trur om dette? http://www.finn.no/finn/torget/annonse?finnkode=40843978

Kapteinmike
08-03-2015, 20:01
kemppi aparater er ikke noe dårlig valg enkelt i bruk. holder i massevis for hjemmebruk
disse blir ofte solgt på proffsteder som på tess, tools osv

men alt er jo avhengig hva du skal bruke apparatet til

radovan
08-03-2015, 21:21
Det skal jo brukast til alt eg sveisar til vanleg. :-)

Dvs. saker og ting som er rusta i filler i eine enden av sveisen og som er galvanisert, utilgjengeleg, fullt av drit og møk og centimetertjukt i andre enden. Så skal det bli sterkt etterpå. Heilt umogelege greier med andre ord, men slik er det å vere bonde.

I tillegg kan det jo hende eg prøvar meg på meir delikat bilsveising som skal sjå presentabelt ut om eg har eit apparat som får ut det beste i meg. :lol: